– Kontordøra mi skal vere open

Kaffipausen med Gjert-Anders Askevold

Gjert-Anders Askevold er spesielt glad i dei mellommenneskelege møta som følgjer med tillitsvaltsjobben. Og karamellane frå Forskerforbundet, då.

19. mai 2021

I artikkelserien Kaffipausen får vi eit spennande innblikk i arbeidskvardagen til våre tillitsvalte.

Gjert-Anders Askevold (42) er høgskulelektor og har sidan januar 2018 vore i full stilling som hovudtillitsvalt og leiar for lokallaget ved Høgskulen på Vestlandet. Før det fungerte han som leiar for lærarutdanningsklubben ved Høgskulen i Bergen sidan 2012.

Når og kor drikk du din første kaffikopp?

Heime ved kjøkkenbordet, når dotter mi et frukost.

Kva er det første du gjer når du kjem på jobb?

Eg hentar meg ein kaffi i kantina, før eg går på kontoret og loggar meg på datamaskina.

Topp tre grunner til at du ble tillitsvalgt?

  • Representere og støtte medlemmar i medlemssaker.
  • Jobbe for gode arbeidsvilkår.
  • Ivareta medråderetten.

GJERT-ANDERS ASKEVOLD

– Noko av det eg finn mest verdifullt ved å vere tillitsvalt er fellesskapet i lokallaget og fagforeningsarbeidet med dyktige kollegaer og tillitsvalte frå andre fagmiljø enn mitt eige.

Kva inneber jobben din?

Som hovudtillitsvalt og leiar av lokallaget er dagen fyllt opp med arbeidsoppgåver i Forskerforbundet. For tida er det mykje snakk om lønn og individuelle lønnsforhandlingar ved tilsetjing og opprykk.

Korleis vart du tillitsvalt?

Eg vart huka inn til eit klubbverv ein gong i 2011, deretter har det balla på seg, og eg har gradvis fått meir tillit og verv i lokallaget. Det har vore ei svært spennande reise, frå å vere lokallaget ved Høgskulen i Bergen til å bli lokallaget ved Høgskulen på Vestlandet.

Kva er hjartesaka di som tillitsvalt?

Medråderett og det å kunne ivareta medlemmar, som ynskjer eller treng assistanse i sine saker. Det kan vere alt frå den minste filleting til dei meir komplekse personalsakene. Kontordøra mi skal vere open for den som vil ha råd eller assistanse i ei sak, og dørterskelen skal vere låg.

Kva personlege eigenskapar drar du nytte av som tillitsvalt?

Det å vere eit medmenneske, lytte og å kunne prate. Så må eg ta meg i det at eg enkelte gongar snakkar litt vel mykje.

Når får du tid til arbeidet som følgjer med det å vera tillitsvalt?

Eg er tillitsvalt heile tida eg er på jobb, eg er fullt frikjøpt, men eg merkar og at eg fort snakkar som ein tillitsvalt i uformelle arenaer som lunsjen.

Korleis markerer du deg på arbeidsplassen for å visa at du er tillitsvalt?

Eg deltek sjølvsagt på dei formelle arenaene som er ved HVL, i tillegg arbeidar vi som lokallag med å vere synlege for medlemmane ved å kalle inn til møter, arrangere OU-seminar, markere oss på møter og sjølvsagt nytte effektar frå Forskerforbundet sin nettbutikk. Karamellane frå Forskerforbundet er spesielt populære.

Kva er det mest givande med vervet?

Det mellommennesekelege møtet, det å kunne stille opp og kanskje få hjelpe eller rettleie medlemmane. Noko av det eg finn mest verdifullt ved å vere tillitsvalt er fellesskapet i lokallaget og fagforeningsarbeidet med dyktige kollegaer og tillitsvalte frå andre fagmiljø enn mitt eige.

Korleis trur du medlemmene i lokallaget vil beskrive deg?

Eg håpar at dei skildrar meg som imøtekommande og tilgjengeleg.

Har du ein situasjon du som tillitsvalt ikkje kjem til å gløyme?

Det må vere dei medlemssakene som såg ut til å få ein veldig kjedeleg utgang, men som løyste seg på ein god måte. Eller det lønnsoppgjeret der vi fekk gode generelle påslag til alle medlemmane.

Er det ein historisk siger frå fagrørsla du set særleg pris på?

Pappaperm. Så er det vanskeleg å la vere å nemne 37,5 timars veke, rett på ferie og retten til å vere sjuk.

Du får endra éin ting i det norske arbeidslivet. Kva vel du?

Meir medråderett til tilsette, som igjen skapar eit inkluderande og godt arbeidsliv som ivaretek sine tilsette.

Kva håper du å ha oppnådd som tillitsvalt når du er ferdig som tillitsvalt?

Forskerforbundet skal vere ein solid medlemsorganisasjon som ivaretek medlemmane. Vi skal vere forankra i medlemsmassa, lytte, forsvare og rettleie. Forskerforbundet skal vere ein organisasjon tilsette ved HVL ynskjer å vere medlem i for arbeidet vi gjer, ikkje på grunn av gamal vane. Forskerforbundet skal vere ein viktig aktør ved HVL som er med på å leie HVL framover, samstundes som våre medlemmar blir godt ivaretekne.

DU KAN OGSÅ VÆRE INTERESSERT I